Thunderbird — Frigjer innboksen din. — Thunderbird

Fridom frå kaos

Kast bort mindre tid på å finne nettlesarfaner.

Få tilgang til alle meldingar, kalendrar, og kontaktar i ein rask app. Filtrer og organiser slik du vil ha det. Handsam alle kontoar separat, eller i ein felles innboks. Thunderbird gjer rett og slett livet ditt enklare.

Ein telefon som viser grensesnittet til Thunderbird for Android.

Fridom frå manipulering

Agendaen vår er ikkje løynd. Han handlar om å gjere verda betre.

Thunderbird er finansiert av brukardonasjonar. Vi samlar ikkje inn personopplysningar, sel ikkje annonsar i innboksen din eller trenar i løyndom AI med dei private samtalane dine. Thunderbird er open kjeldekode. Som del av Mozilla-familen kan du vere trygg på at vi alltid set personvernet og sikkerheita di først.

Fridom for nerdane

Thunderbird er din.

Thunderbird er som standard oversiktleg og elegant, men enkel å tilpasse til din arbeidsflyt og dine visuelle preferansar. Han er lasta med eineståande og kraftfulle funksjonar. Her er nokre av dei som folk likar:

Den samla innboksen gjer at eg kan halde meg tilrekneleg sjølv i dei travlaste tider. Eg kjem aldri til å byte e-postklient igjen!
Max
Programutviklar, Austerrike
Eg likar tagge-funksjonen. Eg taggar noko viktig og finn det raskt.
Juan
Dataforskar, USA
Det er det første programmet eg installerer på ei datamaskin eg brukar/eig... Eg brukar det på Windows/Mac og Linux.
Ernie
IT-leiar, Storbritannia
Å ha eit open kjeldekode-alternativ [for] å få og administrere e-post ... er flott for privacy.
Rolando
Webutviklar, Costa Rica
[Thunderbird] gir meg høve til å behalde eigarskapen over e-postane mine.
Beegy
Ingeniør, USA
Det skal godt gjerast å finne ein e-postklient som er meir utvidbar enn Thunderbird!
Dom
Student, UK

Fridom til å gå kvar som helst

Her kjem Thunderbird for mobilar

Fridommen og gleda til Thunderbird er no tilgjengeleg for deg same kvar du går. Med Thunderbird for mobilar blir dei viktigaste meldingane dine sende og mottekne av ein open kjeldekode, trygg app, som respekterer personvernet ditt

Finn ut kva som kjem

Thunderbird blir stadig betre. Abonner på nyheitsbrevet vårt og følg oss på sosiale medium for å halde deg oppdatert.

Merknad

Nettlesaren din eller ei utviding kan blokkere donasjonsplattforma vår, Fundraise Up.

Prøv igjen med ein annan nettlesar, eller deaktiver utvidinga mellombels.