Om oss

Møt Thunderbird

Thunderbird er eit gratis og ope kjeldekode-programvareprosjekt grunnlagt i 2003 for å gjere kommunikasjon og samarbeid betre. Vi blir støtta av talentet og generøsiteten til tusenvis av individ og ein del av Mozilla-familien. Vesentlege verdiar rettleiar oss og gjer arbeidet vårt relevant. Les vidare for å lære meir.

Verdiar

Fellesskap

Organisasjon

Styrt av verdiar

Eit skjold med Thunderbird-logoen.

Personvern

Du er ikkje produktet.

For oss er dataeigarskap og personvern din rett same kvar du bur. Forpliktinga vår til dine personlege data er enkel:

  • Vi samlar eller lagrar det ikkje med mindre du ber oss om det.
  • Vi legg stor vekt på å verne han mot misbruk.
  • Vi vil aldri selje han.
  • Du beheld eigarskap og kontroll over det.
Les personvernfråsegna
Ein nøkkel med Thunderbird-logoen.

Fridom

Thunderbird høyrer til deg (og verda).

Thunderbird er gratis programvare med open kjeldekode, noko som betyr at koden er tilgjengeleg for å sjå, endre, bruke og dele fritt. Lisensen sikrar også at han held fram med å vere gratis for alltid. Du kan tenkje på Thunderbird som ei gåve frå tusenvis av bidragsytarar til deg.

Lær om MPL 2.0
Ei snakkeboble med Thunderbird-logoen.

Røyst

Du er ein del av framtida til Thunderbird.

Thunderbird er fri for kommersielle krav og insentiv som ofte styrer programvareutvikling. Kven som helst kan bli involvert i å gjere Thunderbird betre og tilgjengeleg for fleire menneske. Eit bidragsytarvalt råd sikrar at Thunderbird held fram med å vere tru mot verdiane og oppdraget sitt.

Driven av fellesskapet

Kven som helst kan bidra til å gjere Thunderbird betre. Programmerarar kan bidra med funksjonar dei brenn for eller forbetre den eksisterande koden. Dei som er fleirspråklege kan gjere Thunderbird tilgjengeleg for alle. Dei som er villige kan teste nye versjonar av Thunderbird og dokumentere problem. Det er mange måtar å bli ein del av eit blomstrande fellesskap som gjer Thunderbird unik. Og viss du ikkje har tid til å vere frivillig, kan du vere med å støtte arbeidet vårt med eit økonomisk bidrag.

Les om korleis du kan vere med
Våre bidragsytarar

Styrt av bidragsytarar

Thunderbird-prosjektet blir leidd av Thunderbird-rådet, eit valt organ som fungerer omtrent som eit styre for eit open kjeldekode-prosjekt. Rådet, som vart etablert i 2014, blir valt av bidragsytarar og fungerer som stemma deira i å bestemme Thunderbirds strategiske retning og mål. Rådet har ansvar for tilsyn med midlar, godkjenning av budsjett og utforming av vegkartet av produktet, og sikrar at Thunderbird held fram med å vere tru mot kjerneverdiane sine.

Les meir om Thunderbird-rådet
Philipp Kewisch
Rådsleiar
Patrick Cloke
Rådssekretær
Magnus Melin
Rådsmedlem
Michele Zelco
Rådsmedlem
Tim Maks van den Broek
Rådsmedlem
Teal Dulcet
Rådsmedlem

Ein del av Mozilla-familien

Thunderbird opererer i eit eige, for-profit dotterselskap av Mozilla Foundation. Denne strukturen gir oss fleksibiliteten til å tilby valfrie betalte tenester for å halde oppe Thunderbirds utvikling langt inn i framtida.

Vi har eit veksande team av dyktige medarbeidarar som utviklar og held ved like Thunderbird, samarbeider med fellesskapet vårt og partnarar og jobbar for å levere Thunderbird til brukarar over heile verda.

Lisa McCormack
Administrerande direktør, drift
Ryan Sipes
Administrerande direktør, produkt
Alessandro Castellani
Direktør for datamaskin- og mobilappar
Philipp Kewisch
Direktør, webtenester
Adam Polen
Administrator for forretningssystem og dataplattformer
Alejandro Aspinwall
Sr Software Engineer, Services
Alex Schmitz
Sr UX Engineer, Desktop
Andrei Hajdukewycz
Hovudingeniør
Anthony Macchia
Senior FP&A Analyst
Ashley Soucar
Programvareingeniør, mobil
Ben Campbell
Stabsprogramvareingeniør, desktop
Brendan Abolivier
Stabsprogramvareingeniør, desktop
Brian Offredi
Marketing Manager
Chris Aquino
Sr Software Engineer, Services
Chris Roth
Manager, AI R&D
Corey Bryant
Leiar, Release-operasjonar
Daniel Darnell
Sr Release Engineer, Desktop
Danielle Golinsky
Seniorprogramvareingeniør, mobile
Davi Nakano
Sr Software Engineer, Services
Eleanor Dicharry
Stabsprogramvareingeniør, desktop
Geoff Lankow
Sr Staff Software Engineer, Desktop
Gustavo Palladini
User Interface / Visual Designer
Heather Ellsworth
Staff DevRel Engineer, Community Programs Lead
Jess Charlton
Programvareingeniør
Jesse Miksic
Sr UX Design Specialist
John Bieling
Sr Software Engineer, Desktop Add-ons
Jon Bott
Leiar, mobilappar
Jordan Kab
Staff Software Engineer
Justin Tracey
Programvareingeniør, desktop
Kai Engert
Sr Security Engineer, Desktop
Kelly McSweeney
Sr Technical PM
Laurel Terlesky
Leiar, UI/UX designstudio
Lisa Wess
Leiar, kundesupportoperasjonar
MadHatter McGinnis
Support Knowledge & Enablement Lead
Magnus Melin
Stabsprogramvareingeniør, desktop
Malini Das
Leiar for webtenester
Margaret Baker
Sr Manager, People Operations & Strategy
Marie Gaggi
People & Talent Generalist
Martin Giger
Stabsprogramvareingeniør, desktop
Melissa Autumn
Stabsprogramvareingeniør, tenester
Monica Ayhens-Madon
Communications & Engagement Specialist
Natalie Ivanova
Sr Manager, Corporate Strategy
Nitasia Dupree
Senior Accountant
Rafael Tonholo
Seniorprogramvareingeniør, mobile
Rebecca Taylor
Produktdesignar
Rob Wood
Sr Software Engineer, Test
Roland Tanglao
Brukarstøttespesialist
Ryan Jung
Sr Site Reliability Engineer
Solange Valverde
Produktdesignar
Stephen King
Sr Release Engineer
Tarandeep Kaur
Sr People Partner
Toby Pilling
Sr Manager, Desktop Engineering
Todd Heasley
Seniorprogramvareingeniør, mobile
Vineet Deo
Programvareingeniør, desktop
Wayne Mery
Fellesskapssjef
Wolf Montwé
Staff Software Engineer, Mobile

Finn ut kva som kjem

Thunderbird blir stadig betre. Abonner på nyheitsbrevet vårt og følg oss på sosiale medium for å halde deg oppdatert.

Merknad

Nettlesaren din eller ei utviding kan blokkere donasjonsplattforma vår, Fundraise Up.

Prøv igjen med ein annan nettlesar, eller deaktiver utvidinga mellombels.