Om oss

Møt Thunderbird

Thunderbird er eit gratis og ope kjeldekode-programvareprosjekt grunnlagt i 2003 for å gjere kommunikasjon og samarbeid betre. Vi blir støtta av talentet og generøsiteten til tusenvis av individ og ein del av Mozilla-familien. Vesentlege verdiar rettleiar oss og gjer arbeidet vårt relevant. Les vidare for å lære meir.

Verdiar

Fellesskap

Organisasjon

Styrt av verdiar

Eit skjold med Thunderbird-logoen.

Personvern

Du er ikkje produktet.

For oss er dataeigarskap og personvern din rett same kvar du bur. Forpliktinga vår til dine personlege data er enkel:

  • Vi samlar eller lagrar det ikkje med mindre du ber oss om det.
  • Vi legg stor vekt på å verne han mot misbruk.
  • Vi vil aldri selje han.
  • Du beheld eigarskap og kontroll over det.
Les personvernfråsegna
Ein nøkkel med Thunderbird-logoen.

Fridom

Thunderbird høyrer til deg (og verda).

Thunderbird er gratis programvare med open kjeldekode, noko som betyr at koden er tilgjengeleg for å sjå, endre, bruke og dele fritt. Lisensen sikrar også at han held fram med å vere gratis for alltid. Du kan tenkje på Thunderbird som ei gåve frå tusenvis av bidragsytarar til deg.

Lær om MPL 2.0
Ei snakkeboble med Thunderbird-logoen.

Røyst

Du er ein del av framtida til Thunderbird.

Thunderbird er fri for kommersielle krav og insentiv som ofte styrer programvareutvikling. Kven som helst kan bli involvert i å gjere Thunderbird betre og tilgjengeleg for fleire menneske. Eit bidragsytarvalt råd sikrar at Thunderbird held fram med å vere tru mot verdiane og oppdraget sitt.

Driven av fellesskapet

Kven som helst kan bidra til å gjere Thunderbird betre. Programmerarar kan bidra med funksjonar dei brenn for eller forbetre den eksisterande koden. Dei som er fleirspråklege kan gjere Thunderbird tilgjengeleg for alle. Dei som er villige kan teste nye versjonar av Thunderbird og dokumentere problem. Det er mange måtar å bli ein del av eit blomstrande fellesskap som gjer Thunderbird unik. Og viss du ikkje har tid til å vere frivillig, kan du vere med å støtte arbeidet vårt med eit økonomisk bidrag.

Les om korleis du kan vere med
Våre bidragsytarar

Styrt av bidragsytarar

Thunderbird-prosjektet blir leidd av Thunderbird-rådet, eit valt organ som fungerer omtrent som eit styre for eit open kjeldekode-prosjekt. Rådet, som vart etablert i 2014, blir valt av bidragsytarar og fungerer som stemma deira i å bestemme Thunderbirds strategiske retning og mål. Rådet har ansvar for tilsyn med midlar, godkjenning av budsjett og utforming av vegkartet av produktet, og sikrar at Thunderbird held fram med å vere tru mot kjerneverdiane sine.

Les meir om Thunderbird-rådet
Philipp Kewisch
Rådsleiar
Patrick Cloke
Rådssekretær
Magnus Melin
Rådsmedlem
Michele Zelco
Rådsmedlem
Tim Maks van den Broek
Rådsmedlem
Teal Dulcet
Rådsmedlem

Ein del av Mozilla-familien

Thunderbird opererer i eit eige, for-profit dotterselskap av Mozilla Foundation. Denne strukturen gir oss fleksibiliteten til å tilby valfrie betalte tenester for å halde oppe Thunderbirds utvikling langt inn i framtida.

Vi har eit veksande team av dyktige medarbeidarar som utviklar og held ved like Thunderbird, samarbeider med fellesskapet vårt og partnarar og jobbar for å levere Thunderbird til brukarar over heile verda.

Ryan Sipes
Dagleg leiar
Lisa McCormack
Driftsdirektør
Alessandro Castellani
Direktør for datamaskin- og mobilappar
Philipp Kewisch
Direktør, webtenester
Adam Polen
Administrator for forretningssystem og dataplattformer
Alejandro Aspinwall
Senior programvareutviklar, tenester
Alex Schmitz
Senior brukaropplevingsingeniør, datamaskin
Andrei Hajdukewycz
Hovudingeniør
Anthony Macchia
Senior analytikar for finansiell planlegging og analyse
Arron Atchison
Stab-programvareutviklar
Ashley Soucar
Programvareutviklar, mobil
Ben Campbell
Stabsprogramvareutviklar, desktop
Brendan Abolivier
Stabsprogramvareutviklar, desktop
Brian Offredi
Marknadsføringsleiar
Chris Aquino
Senior programvareutviklar, tenester
Chris Roth
Leiar, AI-forsking og -utvikling
Corey Bryant
Leiar, Release-operasjonar
Daniel Darnell
Senior utgivingsingeniør, datamaskin
Danielle Golinsky
Seniorprogramvareutviklar, mobile
Davi Nakano
Senior programvareutviklar, tenester
Eleanor Dicharry
Stabsprogramvareutviklar, desktop
Geoff Lankow
Senior programvareutviklar, datamaskin
Gustavo Palladini
Brukargrensesnitt- / visuell designar
Heather Ellsworth
Stabsingeniør for utviklarrelasjonar, leiar for fellesskapsprogram
Jess Charlton
Programvareutviklar
Jesse Miksic
Senior spesialist i brukaropplevingsdesign
John Bieling
Senior programvareutviklar, tillegg for datamaskin
Jon Bott
Leiar, mobilappar
Jordan Kab
Stab-programvareutviklar
Justin Tracey
Programvareutviklar, desktop
Kai Engert
Senior sikkerheitsingeniør, datamaskin
Kelly McSweeney
Teknisk seniorprosjektleiar
Laurel Terlesky
Leiar, UI/UX designstudio
Lisa Wess
Leiar, kundesupportoperasjonar
MadHatter McGinnis
Leiar for støttekompetanse og opplæring
Magnus Melin
Stabsprogramvareutviklar, desktop
Malini Das
Leiar for webtenester
Margaret Baker
Seniorleiar, personaldrift og strategi
Marie Gaggi
Personal- og talentgeneralist
Martin Giger
Stabsprogramvareutviklar, desktop
Melissa Autumn
Stabsprogramvareutviklar, tenester
Monica Ayhens-Madon
Spesialist i kommunikasjon og engasjement
Natalie Ivanova
Seniorleiar, verksemdstrategi
Nitasia Dupree
Seniorrekneskapsførar
Rafael Tonholo
Seniorprogramvareutviklar, mobile
Rebecca Taylor
Produktdesignar
Rob Wood
Senior programvareutviklar, testing
Roland Tanglao
Brukarstøttespesialist
Ryan Jung
Senior driftsstabilitetsingeniør
Solange Valverde
Produktdesignar
Stephen King
Senior utgivingsingeniør
Tarandeep Kaur
Senior personalpartnar
Toby Pilling
Seniorleiar, datamaskinoputvikling
Todd Heasley
Seniorprogramvareutviklar, mobile
Vineet Deo
Programvareutviklar, desktop
Wayne Mery
Fellesskapssjef
Wolf Montwé
Stab-programvareutviklar, mobil

Finn ut kva som kjem

Thunderbird blir stadig betre. Abonner på nyheitsbrevet vårt og følg oss på sosiale medium for å halde deg oppdatert.

Merknad

Nettlesaren din eller ei utviding kan blokkere donasjonsplattforma vår, Fundraise Up.

Prøv igjen med ein annan nettlesar, eller deaktiver utvidinga mellombels.